Velkommen!

Når du held i dørklinka og lurer på om du skal inn i rommet eller forlét rommet, eller når du står midt i trappa og lurer på om du er på veg opp eller ned, då veit du at du er i ferd med å kome opp i åra. Og når du då plukkar fram instrumentet ditt og startar band igjen, då må berre namnet bli Teflon. Eller OldPlay.

OldPlay spelar låtar som er “på grensa av allsong”. Det er cover-låtar som frir til publikum og til dansefoten. Vi spelar enkel og feiande musikk som er iøyrefallande og som får dansefoten i gang.

Medlemmer

Medlemmene i bandet:

Tomas Håndlykken – vokal og gitar
Bjarte Hauge – tangentar og koring
Johannes Kristiansen – gitar
Magne Grimstad jr. – bass og koring
Ronny Håndlykken – trommer og koring

Alle godt voksne menn i sine beste år utanom ungdomskjeldene våre, Tomas og Johannes. Men begge forsyner fleire av medlemmene med kamferdrops og visdomsord, og held seg gamle til sinns på den måten.

Speleliste

Mange av oss har kjent på kjensla som kjem når eit spesielt parti i eit musikkstykke når sitt høgdepunkt og gir oss ei godkjensle langt inn i ryggmargen. Eller at tonar og rytmer på eit eller annet vis klarer å få håra til å reise seg eller kroppen vår til å bevege seg.

Musikk er eit av fleire abstrakte konsept som triggar mekanismer vi menneske har utvikla for å overleve. Spesielt er det belønningssystemet i hjernen vår som blir trekt fram i studiar om musikkglede.

Musikk og dans gir livsglede – også når det blir spelt av OldPlay.

Ein kveld med OldPlay gir deg gode gamle melodiar som har overlevd nye musikalske strøymingar. Vi har bl.a henta låtar frå artistar som:

– Toto
– Christoffer Cross
– Dire Straits
– John Mayer
– Dumdum Boys
– Marius Müller
– Eagles
– Bryan Adams
– Henning Kvitnes
– The Police
– U2
– John Farnham
– m.fl.

Kontakt

Kontakt for speloppdrag:

OldPlay
v/ Ronny Håndlykken
Osnesbakken 6
6065 Ulsteinvik

Mobil: 918 12 792
E-post: post@oldplay.no