Speleliste

Mange av oss har kjent på kjensla som kjem når eit spesielt parti i eit musikkstykke når sitt høgdepunkt og gir oss ei godkjensle langt inn i ryggmargen. Eller at tonar og rytmer på eit eller annet vis klarer å få håra til å reise seg eller kroppen vår til å bevege seg.

Musikk er eit av fleire abstrakte konsept som triggar mekanismer vi menneske har utvikla for å overleve. Spesielt er det belønningssystemet i hjernen vår som blir trekt fram i studiar om musikkglede.

Musikk og dans gir livsglede – også når det blir spelt av OldPlay.

Ein kveld med OldPlay gir deg gode gamle melodiar som har overlevd nye musikalske strøymingar. Vi har bl.a henta låtar frå artistar som:

– Toto
– Christoffer Cross
– Dire Straits
– John Mayer
– Dumdum Boys
– Marius Müller
– Eagles
– Bryan Adams
– Henning Kvitnes
– The Police
– U2
– John Farnham
– m.fl.